|
Du er her: NYHETSARKIV > Tungenes fyr er opent heile sommaren
Tungenes fyr er opent heile sommaren
Tungenes fyr held opent kvar dag frå kl 12 til 16 denne sommaren. - Vi har tilsatt fem vertar for å guide besøkande på fyret denne sommaren, seier Eirik Gurandsrud, avdelingsleiar ved Jærmuseet og Tungenes fyr.
 |
|
FYRGUIDER: Ina Selmer-Anderssen, 22 år, og Ørjan Hatle, 21 år, begge frå Stavanger, er klare til å guide
besøkande rundt på anlegget på Tungenes fyr denne sommaren. |
|
Guidane eller vertane er mellom 18 og 28 år. Ein av desse er utdanna lærar, som ynskjer seg ekstrajobb, to er studentar, ein skal byrje på universitetet til hausten og ein er skuleelev.
- Det er tilsett fire nye guidar i år, kun ein er gjenverande frå fjorårssesongen, opplyser avdelingsleiar Eirik Gurandsrud.
I 2009 var det registrert 15 000 besøkande til fyranlegget. Målet dette året er å få 20 000 besøkande.
Kafeen er open alle dager mellom kl 12 og 16. I tillegg til å sjå og oppleve fyranlegget, kan du kose deg med kaffe, te, kake, is, brus saft og vafler i kafeen. Glutenfri kake og is er også å få kjøpt for matallergikere.
Sist oppdatert av Ove Tennfjord,
05.07.2010
|