Randaberg kommune
 

Lytt til teksten

Toppmeny

 
Du er her: NYHETSARKIV > Sommerferieaktiviteter for 200


Sommerferieaktiviteter for 200

Omlag 200 ungdommar i alderen frå 11 til 18 år har delteke på Sommerferieaktivitetane 2010 i Randaberg. I denne veka var det sjongleringskurs i Randaberghallen.
Sjonglørkurs
- SJONGLERING: Det var ni deltakarar under sjongleringskurset i Randaberghallen denne veka. Teodor Bø, 10 år,
viser sine kunster. Bak øver søskenparet Hedda (9 år) og Marius Revang (11 år).
Sommerferieaktivitetar 2010 vart arrangert i Randaberg for fjerde året på rad. Dei to siste åra har det vore aktiviteter i fire samanhengande veker.

Sommeraktivitetane er eit samarbeid mellom tenestområda Kultur og Barn og familie i Randaberg kommune.
 
I sommar har det vore kurs og aktivitet sidan 28. juni. I denne veka vart det heile avslutta med sjongleringskurs i Randaberghallen og samplingkurs i Huset i Myrå.
 
Bølgesurfing seinare i haust
- Kurset i bølgesurfing måtte avlysast to gongar på grunn av sjukdom og lite bølger. Det var stor interesse rundt dette kurset, og vi freister difor å få arrangert dette kurset seinare i haust, seier Hilde Hebnes og Ingunn Moa i arrangørstaben.
 
Utanom sjonglering og sampling, vart det arrangert gitarkurs, Åpen hall (Randaberghallen), riding, film, bowling, teater og golf.
 
Budsjettet for Sommerferieaktivitetar 2010 er på omlag 60 000 kroner.
 
- Det er mange som arbeider gratis og på dugnad for å få aktivitetsvekene vel i hamn og på billegaste måte. Vi legg vekt på at alle som ynskjer det skal ha råd til å delta, samstundes med at aktivitetane skal gje spire til vidare innsats, avslutter Ingunn Moa og Hilde Hebnes.



Sist oppdatert av Ove Tennfjord, 05.08.2010
 


RANDABERG KOMMUNE - Besøksadresse: Randabergveien 370. Postadresse: Postboks 40, 4096 Randaberg.

Nettstedskart